Anmeldelse av boka skreve av Ingerlin Røssland. Annette er seksten år gammal, og skal begynne å bli ein av dei "kule". Ho gjær mykje og prøvar mykje nytt sommaren før ho skal begynne på vidaregåande. Ho røykar ikkje bare sigarettar lengre, ho får ein kjærast som ho ikkje eingong vet om ho vil ha. Og Annette blir ikkje mindre forvirra når ho startar på vidåregåande om hausten, kjærasten Fredrik, ekstypen Bobby, skulen og han rare guten i tredje klasse. Ho er rappkjefta og frekk ovanfor andre, ho drar ofte på festar der ho gjærne rusar seg. Etterkvart innser ho at hennes frekke måte å være på ikkje er noko særleg. Annette sårar familie, vennar og kjærast med å være på denne måten. Nokon nye vennar ho får vil ha ho med på å prøve kokain, men da settar ho ein grense på kor langt ho vil gå. Boka framstillar hendingar som skjer med mange ungdomar i ungdomstida, blant anna det å finne seg sjøl. Det er nettopp det Annette finnar ut i slutten av boka. Vil ho fortsette og være den frekke og rappkjefta jenta som alle se på som overlegen? Derfor framstillar denne boka kor det kan være å føle presse om å være "kul", og på den måten utsette seg for å gjære og oppføre seg på måtar ein egentleg ikkje er.